SalmeneKapittel 103

Av David. Lovsyng HERREN, mi sjel, og alt som i meg er, lovsyng hans heilage namn!
Lovsyng HERREN, mi sjel, og gløym ikkje alt det gode han har gjort!
Han tilgjev all di skuld og lækjer alle dine sjukdomar.
Han friar livet ditt frå grava og kronar deg med nåde og miskunn.
Han mettar deg med gode gåver, så ungdomen din vert fornya som ørna.
HERREN gjer rettferd og skaffar rett for alle som vert undertrykte.
Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine storverk for Israels born.
HERREN er miskunnsam og nådig, sein til vreide og rik på nåde.
Han kjem ikkje alltid med klagemål, og held ikkje på vreiden for evig.
Han handlar ikkje med oss etter syndene våre og gjev oss ikkje att etter skulda vår.
For så høgt som himmelen er over jorda, så stor er hans nåde mot dei som fryktar han.
Så langt som aust er frå vest, så langt har han fjerna våre brot frå oss.
Som ein far viser miskunn mot borna sine, slik viser HERREN miskunn mot dei som fryktar han.
For han kjenner vår skapnad, han hugsar at vi er støv.
Mennesket – dagane hans er som graset, det blømer som blomen på marka.
For vinden fer over det, og det er borte, og staden kjenner det ikkje meir.
Men HERRENS nåde varer frå æve til æve over dei som fryktar han, og hans rettferd når til barneborna,
til dei som held pakta hans og hugsar på boda hans så dei lever etter dei.
HERREN har grunnfest trona si i himmelen, og kongedømet hans rår over alt.
Lovsyng HERREN, de hans englar, de mektige som gjer hans ord, de som lyder røysta i hans ord!
Lovsyng HERREN, alle hans hærar, de hans tenarar som gjer hans vilje!
Lovsyng HERREN, alle hans verk, på alle stader der han rår! Lovsyng HERREN, mi sjel!