SalmeneKapittel 114

Då Israel drog ut frå Egypt, då Jakobs hus forlét eit folk med framandt tungemål,
då vart Juda hans heilagdom, Israel hans kongerike.
Havet såg og flydde, Jordan snudde og rann attende.
Fjella hoppa som vêrar, haugane som unge lam.
Kva hadde du, hav, at du flydde? Og du, Jordan, at du snudde attende?
De fjell, kvifor hoppa de som vêrar, de haugar, som unge lam?
Skjelv, du jord, for Herrens åsyn, for åsynet til Jakobs Gud,
han som gjer berget om til ein vassdam, og hard stein til rennande kjelde.