SalmeneKapittel 12

Til kormeisteren. Etter «den åttande». Ein salme av David.
Frels, Herre, for den trufaste er borte! Dei trugne har forsvunne mellom menneska.
Dei talar tomme ord til kvarandre, med sleipe lepper og doble hjarte talar dei.
Herren skal rydda ut alle sleipe lepper og den tunga som talar store ord.
Dei som seier: «Med tunga vår skal vi sigra, leppene våre er med oss – kven er herre over oss?»
«Fordi dei hjelpelause vert plyndra og dei fattige sukkar, vil eg no reisa meg,» seier Herren, «eg set han i tryggleik, den som stundar etter det.»
Herrens ord er reine ord, som sølv som er lutra i ein digel i jorda, reinsa sju gonger.
Du, Herre, skal vakta dei, du skal verna oss frå denne slekta til evig tid.
Dei gudlause ferdast fritt rundt omkring når det verdlause vert opphøgd mellom menneska.