SalmeneKapittel 137

Ved elvane i Babylon, der sat vi og gret då vi kom i hug Sion.
På piletrea der midt i landet hengde vi harpene våre.
For der bad dei som heldt oss fanga, oss syngja, dei som undertrykte oss, kravde glede: «Syng for oss ein av songane frå Sion!»
Korleis kan vi syngja Herrens song på framand jord?
Om eg gløymer deg, Jerusalem, så lat høgre handa mi gløyma si kraft!
Lat tunga mi kleba seg til ganen om eg ikkje kjem deg i hug, om eg ikkje set Jerusalem over mi høgste glede!
Herre, kom i hug kva Edoms søner gjorde den dagen Jerusalem fall, då dei ropa: «Riv ned, riv ned, heilt til grunnen!»
Du Babylons dotter, som skal øydeleggjast! Sæl er den som løner deg att for det du gjorde mot oss.
Sæl er den som grip borna dine og knusar dei mot berget.