SalmeneKapittel 65

Til kormeisteren. Ein salme av David. Ein song.
Deg ventar stille lovprising, Gud, på Sion, og til deg skal løfte haldast.
Du som høyrer bøn, til deg kjem alt kjøt.
Syndeskuld vart for tung for meg, men våre brot tilgjev du.
Sæl er den du vel ut og let koma nær, så han får bu i føregardane dine. Vi vil mettast med det gode i ditt hus, det heilage i ditt tempel.
Med underfulle gjerningar svarar du oss i rettferd, du Gud, vår frelsar, du som er tillit for alle endar av jorda og for fjerne hav.
Du som grunnfester fjella med di kraft, du som er omgjord med velde.
Du stillar bruset frå hava, bruset frå bølgjene deira og larmen frå folka.
Dei som bur ved endane av jorda, ottast for dine teikn. Du lèt morgonen og kvelden ropa av glede.
Du ser til jorda og vatnar henne, du gjer henne overlag rik. Guds bekk er full av vatn. Du lagar til kornet deira, for slik steller du jorda til.
Du vatnar plogfòrene hennar og jamnar jordklumpane. Du bløyter henne med regnskurar og velsignar grøda hennar.
Du kronar året med din godleik, og spora dine dryp av overflod.
Beitemarkene i øydemarka dryp, og haugane kler seg i jubel.
Beitemarkene er kledde med sauer, og dalane er hylla i korn. Dei ropar av glede, ja, dei syng.