SalmeneKapittel 53

Til kormeisteren. Etter Mahalat. Ein læresalme av David.
Dåren seier i sitt hjarta: «Det finst ingen Gud.» Dei har vorte forderva og gjer avskyeleg urett. Det finst ingen som gjer godt.
Gud skodar ned frå himmelen på menneskeborni for å sjå om det finst nokon forstandig, nokon som søkjer Gud.
Alle har vendt seg bort, alle er like forderva. Det finst ingen som gjer godt, ikkje ein einaste.
Forstår dei ikkje, desse ugjerningsmennene, dei som et opp folket mitt som dei et brød? Dei kallar ikkje på Gud.
Der vart dei grepne av redsle, ei redsle som aldri fanst før. For Gud spreidde beina til dei som kringsette deg. Du har gjort dei til skamme, for Gud har forkasta dei.
Gjev at frelsa for Israel må koma frå Sion! Når Gud vender lagnaden til folket sitt, då skal Jakob jubla og Israel gleda seg.