SalmeneKapittel 43

Døm meg, Gud, og før mi sak mot eit folk utan truskap. Fri meg frå menneske som er fulle av svik og urett.
For du er min Gud, mi faste borg. Kvifor har du støytt meg bort? Kvifor må eg gå ikring i mørkre, truga av fienden?
Send ut ditt lys og di sanning, lat dei leia meg. Lat dei føra meg til ditt heilage fjell, til din bustad.
Så vil eg gå fram til Guds altar, til Gud, mi jublande glede. Eg vil prisa deg med harpe, Gud, min Gud.
Kvifor er du så nedbøygd, mi sjel? Kvifor er du så uroleg i meg? Vent på Gud! For eg skal endå få prisa han, mi frelse og min Gud.