SalmeneKapittel 129

Ein song for festreisene. Hardt har dei plaga meg frå eg var ung – lat Israel seia det –
Hardt har dei plaga meg frå eg var ung, men dei fekk ikkje makt over meg.
Pløgarane pløgde på ryggen min, dei drog lange fòrer.
Herren er rettferdig, han har hogge av reipa til dei ugudelege.
Alle som hatar Sion, skal bli til skamme og vika tilbake.
Dei skal bli som gras på taket, som visnar før det blir rive opp.
Den som haustar, får ikkje handa full, og den som bind nek, får ikkje famnen full.
Dei som går forbi, seier ikkje: «Herrens velsigning over dykk! Vi velsignar dykk i Herrens namn.»