SalmeneKapittel 101

Ein salme av David. Om nåde og rett vil eg syngja, for deg, Herre, vil eg spela.
Eg vil akta på den ulastelege vegen. Når kjem du til meg? Eg vil ferdast med eit reint hjarte i mitt eige hus.
Eg vil ikkje setja noko vondt framfor augo mine. Å gjera det som er svikefullt, hatar eg; det skal ikkje festa seg hos meg.
Eit falskt hjarte skal halda seg borte frå meg, det vonde vil eg ikkje kjennast ved.
Den som baktalar nesten sin i løynd, han vil eg gjera ende på. Den som har hovmodige augo og eit stort hjarte, han toler eg ikkje.
Augo mine kviler på dei trufaste i landet, så dei kan bu hos meg. Den som ferdast på den ulastelege vegen, han skal tena meg.
Ingen som driv med svik, skal bu i mitt hus. Ingen som talar løgn, skal stå framfor augo mine.
Kvar morgon vil eg gjera ende på alle dei ugudelege i landet, og rydda ut frå Herrens by alle som gjer urett.