SalmeneKapittel 61

Til korleiaren. Til strengespel. Av David.
Høyr mitt rop, Gud, gjev akt på mi bøn!
Frå enden av jorda ropar eg til deg når hjartet mitt vansmektar. Lei meg opp på klippen som er høgare enn meg!
For du har vore ei tilflukt for meg, eit sterkt tårn mot fienden.
Lat meg bu i teltet ditt for alltid, lat meg finna ly i skjulet under vengene dine. Sela
For du, Gud, har høyrt lovnadene mine. Du har gjeve meg arven til dei som fryktar namnet ditt.
Legg dagar til dagane åt kongen, lat åra hans vara frå slekt til slekt!
Lat han trona for alltid framfor Guds åsyn. Lat miskunn og truskap verna han!
Så vil eg lovsynga namnet ditt til evig tid og innfri lovnadene mine dag etter dag.