SalmeneKapittel 134

Ein song for festreisene. Sjå, lovpris Herren, alle Herrens tenarar, de som står i Herrens hus om nettene.
Lyft hendene mot det heilage og lovpris Herren.
Herren velsigne deg frå Sion, han som skapte himmelen og jorda.