SalmeneKapittel 146

Halleluja! Lovsyng HERREN, mi sjel!
Eg vil lovsynga HERREN så lenge eg lever, eg vil prisa min Gud så lenge eg er til.
Set ikkje lit til fyrstane, til eit menneske som ikkje kan frelsa.
Når anda fer ut, vender mennesket attende til jorda si. Den dagen går alle tankane deira til grunne.
Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar, den som set si von til Herren, sin Gud.
Han som skapte himmel og jord, havet og alt som er i det, han som held truskap for alltid.
Han skaffar rett til dei undertrykte, han gjev brød til dei svoltne. HERREN set fangar fri.
HERREN opnar auga på dei blinde, HERREN reiser opp dei nedbøygde, HERREN elskar dei rettferdige.
HERREN vernar innflyttarane, han styrkjer farlause og enkjer, men vegen til dei ugudelege leier han på avvegar.
HERREN skal vera konge for alltid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt. Halleluja!