SalmeneKapittel 4

Til kormeisteren. Med strengespel. Ein salme av David.
Når eg ropar, svar meg, du Gud som gjev meg rett! I trengsla har du gjeve meg rom. Ver meg nådig og høyr bøna mi!
De menneskesøner, kor lenge vil de gjera mi ære til skam? Kor lenge vil de elska det som er tomt og søkja etter løgn? Sela
Vit at Herren har skilt ut den gudfryktige for seg sjølv. Herren høyrer når eg ropar til han.
Skjelv, og synd ikkje! Tal i hjarta dykkar på leiet og ver stille. Sela
Ber fram rette offer og set dykkar lit til Herren!
Mange seier: «Kven vil la oss sjå det gode?» Lyft ljoset frå ditt andlet over oss, Herre!
Du har gjeve meg glede i hjarta, meir enn når kornet og druemusten deira er i overflod.
I fred vil eg leggja meg ned og sovna, for du åleine, Herre, lèt meg bu trygt.