SalmeneKapittel 149

Halleluja! Syng ein ny song for Herren, syng hans pris i forsamlinga av dei trugne!
Israel skal gleda seg over sin skapar, Sions born skal jubla over sin konge!
Dei skal prisa namnet hans med dans, dei skal spela for han med tamburin og harpe!
For Herren har si glede i folket sitt, han kronar dei audmjuke med frelse.
Dei trugne skal jubla i herlegdom, dei skal ropa av glede på legene sine!
Med høglovsong til Gud i strupen deira og eit tvieggja sverd i handa deira,
for å ta hemn over folkeslaga og refsa nasjonane,
for å binda kongane deira med lekkjer og stormennene deira med jarnband,
for å fullbyrda den domen som er skrive. Dette er ei ære for alle hans trugne. Halleluja!