SalmeneKapittel 8

Til kormeisteren. Etter Gittit-melodien. Ein salme av David.
Herre, vår Herre, kor herleg namnet ditt er over heile jorda! Du som har breidd din prakt over himlane.
Frå munnen til småborn og spedborn har du reist eit vern mot motstandarane dine, for å bringa fienden og den hemngjerrige til teiing.
Når eg ser himlane dine, eit verk av fingrane dine, månen og stjernene som du har sett på plass –
kva er då eit menneske, at du hugsar på det, eit menneskebarn, at du tek deg av det?
Du gjorde det berre lite ringare enn gudeverda og krona det med ære og herlegdom.
Du sette det til å råda over verka av hendene dine, alt la du under føtene dess.
småfe og storfe, ja alle saman, og dyra på marka med,
fuglane under himmelen og fiskane i havet, alt som ferdast på stigane i havet.
Herre, vår Herre, kor herleg namnet ditt er over heile jorda!