SalmeneKapittel 125

Ein song for festreisene. Dei som set si lit til Herren, er som Sion-fjellet, det kan ikkje rokkast, men står trygt til evig tid.
Jerusalem – fjell omgjev byen, og Herren omgjev folket sitt, frå no og til evig tid.
For dei urettferdige sitt septer skal ikkje kvila over den luten som høyrer dei rettferdige til, så dei rettferdige ikkje skal retta hendene ut mot urett.
Herre, gjer godt mot dei gode, mot dei som er ærlege i hjarta.
Men dei som viker av til krokete vegar, skal Herren føra bort saman med dei som gjer vondt. Fred over Israel!