SalmeneKapittel 64

Til korlederen. En salme av David.
Til kormeisteren. Ein salme av David.
Hør min røst, Gud, når jeg klager. Vern mitt liv mot fiendens trussel.
Høyr mi røyst, Gud, når eg klagar. Vern livet mitt mot redsla for fienden.
Skjul meg for de ondes hemmelige råd, for hopen av dem som gjør urett.
Gøym meg for dei vonde sitt løynde råd, for den bråkande hopen av dei som gjer urett.
De har hvesset sin tunge som et sverd, de har rettet sin pil – det bitre ord.
Dei kvesser tunga si som eit sverd, dei legg på bogen bitre ord som piler.
De skyter fra skjul mot den uskyldige, plutselig skyter de ham uten frykt.
Frå gøymestader skyt dei på den uskuldige, brått skyt dei han og fryktar ikkje.
De styrker hverandre i ondt forsett, de planlegger å legge ut snarer. De sier: «Hvem kan se oss?»
Dei styrkjer seg i vonde planar, dei talar om å leggja snarer i løynd. Dei seier: «Kven kan sjå oss?»
De pønsker ut urett, de gjennomfører en utspekulert plan. For menneskets indre og hjerte er dypt.
Dei tenkjer ut urettferdige planar, dei fullfører ein utspekulert plan. For djupt er menneskets indre og hjarte.
Men Gud skyter sin pil mot dem – plutselig! Da rammes de av sine sår.
Men Gud skyt ei pil mot dei, brått får dei sine sår.
Deres egen tunge fører dem i fall. Alle som ser dem, flykter bort.
Deira eiga tunge fører dei i fall. Alle som ser det, ryggar tilbake.
Da fryktet alle mennesker og forkynte Guds gjerning, og hans verk forstod de.
Då skal alle menneske frykta og forkynna Guds verk, og dei skal skjøna det han har gjort.
Den rettferdige skal glede seg i Herren og søke tilflukt hos ham. Alle med oppriktig hjerte skal lovprise ham.
Den rettferdige skal gleda seg i Herren og søkja tilflukt hos han. Alle dei oppriktige av hjarte skal prisa han.